Gå rett til innhold
<
<
Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"

Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"

, , Priscilla du preez n F8xh L Mmg0c unsplash, ,

Gjennom tildeling av midlar frå Stiftelsen Dam gjennom Rådet for Psykisk Helse har vi pilottestet tiltaket «Stopp seksuell trakassering» og skal no effektevaluere tiltaket gjennom ein kluster randomisert kontrollert studie. I studien vil elevar og lærarar ved 30 til 40 ungdomsskular svare på spørjeskjema i forkant av gjennomføringa av tiltaket, kort tid etter og ca eit halvt år etter tiltaket.

«Stopp seksuell trakassering» er eit tiltak som har som målsetting å betre elevane si psykiske helse ved å førebyggje kjønnsrelatert og seksuell trakassering i ungdomsskulen.

RCT-studien vil gje svar på om elevar på skular som deltek i «Stopp seksuell trakassering» vil oppleve:

  • mindre grad av seksuell trakassering, i form av fysisk, verbal og digital uønskt seksuell merksemd,
  • mindre grad av kjønnsrelatert trakassering, i form av trakassering på grunnlag av kjønnsuttrykk og seksuell orientering og
  • betre psykisk helse.

Sjølve tiltaket består av ei kompetanseheving om kjønnsrelatert og seksuell trakassering for lærarane og eit undervisningsopplegg om desse tema for elevane. Kompetansehevinga for lærarane er digital og kan gjennomførast på ca sju timar. Gjennom den digitale opplæringa får lærarane med seg åtte klasseleksjonar som dei gjennomfører med elevane på ungdomstrinnet. Gjennom elevaktivitetane i disse leksjonane vil elevane identifisere kva trakasseringsproblematikk som er utfordrande på skulen deira, og vidare fokusere på handteringa av dette i tett samarbeid med lærarane. «Stopp seksuell trakassering» vil kunne dekke konkrete mål i LK20 og kan sjåast som eit bidrag til kompetanseheving for lærarar i samband med fagfornyinga.

RCT studien er registret i Clinical Trials. Ei prosessevaluering av tiltaket vil òg gjennomførast.

Kontaktperson

Hilde Slåtten

Forsker II - Bergen

hisl@norceresearch.no
+47 56 10 72 78

Prosjektfakta

Navn

Effektevaluering av "Stopp seksuell trakassering"

Status

Aktiv

Periode

01.03.21 - 31.12.35

Forskningsområder

Forskningstemaer

Prosjektmedlemmer

Paul Poteat

Samarbeidspartnere

Universitetet i Bergen

Delta i prosjektet?

Dersom du ønskjer at skulen dykkar skal delta i tiltaket «Stopp seksuell trakassering» kan du laste ned og sende invitasjonsbrevet vårt til rektor.

Last ned invitasjonsbrevet (PDF)