Effect Evaluation of IPS - a long-term follow-up study
Individuell jobbstøtte er ein bestemt type arbeidsmarknadstiltak. Formålet er å hjelpa menneske som er psykisk sjuke direkte ut i vanleg løna arbeid, i staden for å gå arbeidslaus eller delta i ei form for arbeidsførebuande tiltak. I tiltaket er det eigne jobbspesialistar som støttar og gjev råd. Støtta er fleksibel og skjer der pasienten ønskjer det. Målet er å finna den best eigna jobben som samsvarer med pasienten sine ønske.
Tiltaket er opprinneleg utvikla for pasientar med alvorlege psykiske lidingar. Forskarane har undersøkt langtidseffekten av denne ordninga, for personar med moderat og alvorleg psykisk sjukdom.
Evalueringa viser at personar med moderat til alvorleg psykisk liding har gode langtidseffektar av tiltaket individuell jobbstøtte (IPS).
Personar som får tiltaket kjem raskare ut i jobb og det er også meir sannsynleg at dei er i jobb 43 månader etter de fekk tilbodet. Tiltaket verkar spesielt godt for dei under 30 år og dei med låg utdanning.
Det viste seg at individuell jobbstøtte aukar sannsynet for å vera i vanleg jobb sett over ein oppfølgingsperiode på 43 månader. Mange som kom i jobb, jobba deltid. Personane i IPS-gruppa jobba i gjennomsnitt 2 fleire månadsverk i løpet av oppfølgingsperioden: 6,5 månadsverk samanlikna med 4,5 månadsverk i kontrollgruppa.
Project facts
Name
Effect Evaluation of IPS - a long-term follow-up study
Status
CONCLUDED
Duration
01.05.18 - 31.12.20