Forsker II
- Bergen
ivei@norceresearch.no
+47 56 10 76 06
CoPro - Co-production of health- and welfare services between local governments and voluntary organizations in Norway and Germany. Potentials and limitations.

Foto: Hanna Busing via Unsplash
I CoPro-prosjektet skal vi undersøke samskaping av velferdstenester mellom offentlege og frivillige aktørar innanfor eldre- og rusomsorg i Noreg og i Tyskland.
Prosjektet skal fyrst undersøke kva som ligg i sjølve omgrepet samskaping, korleis det er brukt internasjonalt og korleis samfunnstrekk betre kan inkluderast i forståinga av fenomenet (WP1).
Vidare skal prosjektet undersøke utbreiinga av, kjenneteikn ved og variasjonar i samarbeid mellom offentlege og frivillige aktørar innanfor eldre- og rusomsorg i Noreg (WP2).
Dette blir følgd opp av ein nær-studie av diskursen rundt samskaping og faktisk samarbeidspraksis mellom offentlege og frivillige aktørar på dei to felta i strategisk utvalde kommunar i Noreg (WP3). Her vil vi utvikle kunnskapen om konsekvensane av å involvere frivillige aktørar i velferdsproduksjonen – konsekvensar for involverte aktørar og for kvaliteten, effektiviteten og den demokratiske legitimiteten til tenestene.
For å få eit godt samanlikningsgrunnlag skal vi gjennomføre ein liknande nær-studie i Tyskland, som skil seg frå Noreg på fleire viktige punkt (WP4).
Til slutt skal vi knyte saman kunnskapen frå dei ulike del-studiane og identifisere dei sentrale samfunnstrekka som set rammer for framtidig utvikling av kommunal-frivillig samarbeid om velferdsproduksjon (WP5).
Kontaktperson
Prosjektfakta
Navn
CoPro - Co-production of health- and welfare services between local governments and voluntary organizations in Norway and Germany. Potentials and limitations.
Status
CONCLUDED
Periode
01.02.21 - 01.02.25
Sted
Bergen
Totalt budsjett
11.996.000 NOK