Små tiltak kan føre til ei meir hensiktsmessig bruk av ressursane ved legevakta
Ved hjelp av relativt små tiltak lukkast legevakta i Tromsø med å få størstedelen av befolkninga til å ringe legevaktsentralen først, istadenfor å møte direkte i legevaktlokalet.
Ei kampanje med informasjon i avisa, der befolkninga vart oppfordra til å ringe legevakta først, istadenfor å møte direkte, førte til at andelen direkte oppmøte ved legevakta gikk ned frå ca 69 % i åra før kampanjen, til ca 23 % i åra etter. Denne endringa i kontaktmåten påverka og kva pasienttiltak som vart sett i verk ved legevakta. Når ein større del av befolkninga ringte først, var det fleire som fekk råd om eigenomsorg frå telefonoperatøren (12 % før endringa, mot 29 % etter), og færre som kom til legekonsultasjon ved legevakta (73 % før endringa, mot 57 % etter). Desse endringane i tiltaka såg vi først og fremst i dei grøne hastegradene, altså i dei kontaktane der det ikkje hasta. Endringa i tiltak i dei grøne hastegradene kan tyde på at det å ringe først kan medføre ei meir hensiktsmessig bruk av ressursane ved legevakta.
Å få råd om eigenomsorg over telefon, når det ikkje er noko medisinsk indikasjon for legetilsyn, er god service til pasientane, som kan sleppe å ta turen til legevakta. Ei slik ordning fordrar at legevakta har nok kapasitet til å besvare telefonane, at råd og rettleiing vert gitt på bakgrunn av faglege standarder og at pasientane får informasjon om når dei eventuelt skal ta kontakt på nytt.
Vivian Midtbø, førsteforfattar av studia