Stipendiat
- Bergen
toga@norceresearch.no
+47 56 10 72 29
Musikkterapeut Tora song for dommarane og vann Forsker Grand Prix
Etter ein svært spennande finale vann Tora Söderström Gaden ved GAMUT Forsker Grand Prix. Ho forskar på musikkterapi for premature og formidla korleis dei og foreldra kan få det betre med musikkterapi.
Tora Söderstrøm Gaden vann den nasjonale Forsker Grand Prix-finalen i Trondheim 26.september. Doktorgradsprosjektet hennar er del av LongSTEP ved NORCE og Griegakademiets senter for musikkterapiforskning.
- Gratulera så mykje med seieren i Forskar Grand Prix! Korleis klarte du å vinne mot dei beste formidlarane i landet?
- Tusen takk. Det var skikkelig tøff konkurranse, og det var på hengande håret. Eg var i superfinalen, med Vilde Bråten frå NTNU som forskar på nanosystem, og lege Bente Johansen frå Universitetssykehuset Nord-Norge som forskar på kognisjon. Eg var wildcard, det vil seie at var det var dommarane som bestemte at eg skulle gå til superfinalen.
Til liks med i Bergen Forsker Grand Prix, der Söderstrøm Gaden fekk seks seksarar, vart det også seks av seks moglege seksarar i finalen.
I superfinalen var det var veldig jevnt mellom Söderstrøm Gaden og nanoforskaren.
- Vi var to kvinner som fikk full pott, men kombinasjon av publikumsstemmer og stemmer frå dommarane gjorde at eg vann.
I dommerpanelet under finalen i Forsker Grand Prix sat vitenskapsjournalist i NRK Erlend Lånke Solbu, områdedirektør i Forskingsrådet Kristin Danielsen og skodespelar ved Trøndelag Teater, Ingrid Bergstrøm. I følgje Forskningsdagane.no si nettsak var alle fulle av lovord og ga alle toppkarakteren til Gaden i finalerunden. Dei roste mellom anna vinnaren for ro, inderligheit, ærlegheit og dei løfta fram at ho er personleg utan å bli sentimental.
Kilde:
Foto: Yngve Vogt / Forskningsmagasinet Apollon, UiO
Song seg til siger
Etter Bergen Forsker Grand Prix fekk Söderstrøm Gaden skryt for kombinasjonen av kjensler og fagleg innhald. Då vi snakka med henne før den nasjonale finalen, sa ho:
- Det er veldig emosjonelle tema eg jobbar med, både svært sårbare nyfødde, og i tillegg er det musikk. Så journalisten i juryen sa til dømes etter første runde at han måtte sjekke om han ikkje vart så emosjonelt berørt at han gløymde å være kritisk, haha. Men dei vart glade for at eg også leverte solid på det faglege.
Söderström Gaden seier at musikkterapi kan vere vanskelig å forklare, og ho valde å gjere noko av formidlinga gjennom å synge. Slik at folka i juryen skulle kjenne på sin eigen kropp korleis det er å ta inn musikk.
Bandet mellom barn og foreldre
Men korleis kan ein eigentleg måle effekten av terapi på nokon som er så skjøre og uferdige som premature barn?
- Vi forskar ikkje berre på dei premature, men også på relasjonane mellom foreldre og barn, og korleis musikk påverkar både barna og foreldra. Dette er eit kvantitativt prosjekt, ei såkalla randomisert studie. Vi er nødt til å gjøre den type forskning for å styrke posisjonen til musikkterapi i helsevesenet, seier Tora Söderstrøm Gaden.
Medan ein i andre medisinske studier kan ein ta blodprøver, ja alt ein kan tenke seg av testar, har musikkterapiforskarane vore veldig opptatt av å finne dei rette variablane å putte inn i det kvantitative metoden dei nyttar.
- Sidan tidligere studier allereie har vist effekt av musikkterapi på dei premature sin pust og foreldra si redsle, undersøker vi om det er langtidseffektar. Det vi er mest opptatt av er bandet mellom foreldre og barn, foreldra si psykiske helse og barnets utvikling. Vi følger familiane heilt til barnet er to år, og desse første åra veit vi er svært viktige for helse og livskvalitet livet gjennom.
Kan få tilknytningsvanskar
I følgje Söderstrøm Gaden er også premature i faresonen for utfordringar når det gjeld tilknytning, og via musikk prøver terapeutane å hjelpe og bygge båndet mellom foreldre og barn.
- Det er også eit faktum at foreldre til premature er i risikogruppe for psykiske helseplager som fødselsdepresjon, angst og traumer. Det setter spor å få et prematurt barn og tilbringe så mye tid på sykehus mens man frykter for barnets liv.
- Vi vil ha foreldra på banen. I starten får dei mykje støtte og veiledning på stemme. Det handler om at de premature er så overvelda, det kan bli for mye for dei, så saman med foreldra utforskar vi dette og finn den rette balansegangen. Vi undersøker også musikkens påverknad på foreldras mentale helse og barnets generelle utvikling.
- Prosjektet mitt er del av ein stor internasjonal studie. Vi følger familiar med premature over to år både på sjukehus og heime. Vi forskar i Noreg, Polen, Israel, Colombia og Argentina.
Söderström Gaden fortel at ho ikkje har gjort musikkterapi som ein del av doktorgradsprosjektet, men tidlegare har drive klinisk musikkterapi på nyfødtintensiven på Ahus.
Mødre får mindre angst
Tidligere studier av premature har fokusert med det fysiologiske, kobla til pust og puls.
- Vi har utvikla vår tilnærming på bakgrunn av tidligere studier. Vi går enda lenger i involvering av foreldrene. Dei opplever eit stort kontrolltap når barnet ligg kopla til slangar og maskiner. Alt vi gjer med musikken handlar om å roe, regulere og stabilisere.
- Kollegaene mine i LongSTEP har gjort ei metaanalyse av musikkterapi for premature og foreldra deira. Dei fann ein signifikant positiv effekt på respirasjonsrate (RR) hos barn og mor, og på angst hos mor. Dette med pust er svært viktig for premature, for nokre av dei vanlegaste utfordringane er knytt til pust og umodne lunger. At at mødrene skorar lavere på engstelse når musikkterapi blir brukt, hjelper også foreldre å være meir klare fore å ta inn barnets tegn og signaler, slik at dei saman mestrar kommunikasjon og samspel betre.
- Eg trur at det hjelper å ha nokon ved si side som hjelper deg med ei ramme av musikk. Å bruke musikk er ein normaliserande faktor i ein svært vanskeleg situasjon.
Kulturelle skilnader
Korleis tar foreldra i krise mot tilbudet om musikkterapi?
- Barnet har vore en del av eit lydmiljø i kroppen, mens på nyfødtintensiven er det mange fremande mekaniske lyder, som et helt annet univers, foreldrestemmen en link tilbake til det vante, trygge. Mi erfaring er at så lenge dei opplever kva respons det vekker hos barnet, så tar foreldra svært godt i mot tilbodet om musikkterapi.
- Foreldre til premature blir etter kvart ekspertar på tilstanden til sitt eige barn. Dei sit ved barnets side, ser på monitoren, Dei veit kva oksygenmetning barnet skal ha, dei kan sjå når er barnet stressa. Barnet viser det for eksempel med endring av hudfarge, med gråt, om det blir stille, samla i kroppen, eller urolig. Alt dette er respons.
Men det er nokre interessante kulturforskjellar, påpeikar Tora Söderstøm Gaden. Ho besøkte alle landa i studien hausten 2019 og opplevde at det var ulikt kor komfortable foreldrene var med å sette i gang med å synge.
- Dette er sjølvsagt individuelt, men kanskje har det også noko å gjere med kva posisjon musikken har ellers i samfunnet. Det er spennande!
- Meldte du deg på Forskar Grand Prix sjølv, eller vart du headhunta?
- Eg er glad i å formidle, eg vart oppringt og spurt om eg var interessert. Det har vore utruleg bra coaching, så det har vore utruleg gøy og ufordrande. Det er frykteleg vanskeleg å seie alt på fire minutt, veldig god trening i å komme inn i kjernen. For meg både det å gjere forskinga si forståeleg, men også ei påminning om at kva det er eg forskar på.