Gå rett til innhold
<
<
Karbonbudsjettet 2022: Utsleppa aukar igjen

Karbonbudsjettet 2022: Utsleppa aukar igjen

Aktuelt

Publisert: 11.11.2022
Oppdatert: 11.11.2022

Gudrun Sylte, Bjerknessenteret

Dei globale utsleppa aukar ikkje like raskt som for ti år sidan, men utsleppa har framleis ei stigande kurve, viser rapport Global Carbon Budget 2022.

Andreas R. Graven, Jörg Schwinger og Ingunn Skjelvan er dei to klimaforskarane i NORCE som har bidrege til årets karbonbudsjett., Karbonbudsjett 2022 Jorg ingunn Foto Andreas R Graven NORCE, ,

Kilde:
Andreas R. Graven

Jörg Schwinger og Ingunn Skjelvan er dei to klimaforskarane i NORCE som har bidrege til årets karbonbudsjett.

2020 var eit unntaksår, som viser seg som ein knekk i kurva over stigande karbonutslepp.

– Skal ein nå målet på 1,5 grader global oppvarming, må kvart år framover vere som unntaksåret 2020, seier Jörg Schwinger, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret.

No er dei globale karbonutsleppa tilbake på ei stigande kurve, med utslepp som er litt over nivået i 2019, altså før COVID 19.

Det viser rapporten Global Carbon Budget 2022, som i dag fredag 11. november blei presentert på klimatoppmøtet COP27 i Sharm-El-Sheik. Tala i årets karbonbudsjett er produsert av ei lang rekke forskarar, som har brukt observasjonar, statistikk, og modellar i dette arbeidet.

Totalt fire forskarar tilknytta Bjerknessenteret, har bidrege til årets karbonbudsjett: Are Olsen og Meike Becker frå Universitetet i Bergen, og Jörg Schwinger og Ingunn Skjelvan frå NORCE.

Sjå tal og grafiske presentasjonar hos globalcarbonbudget.org

I karbonbudsjettet er det to hovudkjelder til utslepp:

  1. Fossilt brennstoff – som inkluderer forbrenning av olje, gass, kol og sementproduksjon
  2. Landendringar – som i stor grad handlar om avskoging av regnskog.

I karbonbudsjettet ser ein også på kvar utsleppa blir av. Store delar av karbonutsleppa til atmosfæren blir tatt opp i havet og i vegetasjon på land, og desse sluka har gjort oss menneske ei stor teneste – sidan dei menneskeskapte utsleppa tok til, har dei tatt opp vel halvparten av våre utslepp til atmosfæren.

Global Carbon Budget, Karbonutsleppa stig ikkje like bratt som tidleg 2000-tal, men er framleis stigande. Dei største utsleppslanda målt i gigatonn er Kina, USA, EU og India, fordelt per person er USA på topp, etterfulgt av EU-landa og Kina., Karbonbudsjett årlege utslepp, ,

Kilde:
Global Carbon Budget

Karbonutsleppa stig ikkje like bratt som tidleg 2000-tal, men er framleis stigande. Dei største utsleppslanda målt i gigatonn er Kina, USA, EU og India, fordelt per person er USA på topp, etterfulgt av EU-landa og Kina.

Datamangel for karbonopptak i havet

– Både data og modellar viser at havet tar opp meir og meir CO2 etterkvart som utslippa aukar. Dette er i pakt med kjemiske og fysiske lovar. Når utsleppa til atmosfæren aukar, blir havet undermetta og svarer med å ta opp meir CO2, seier Are Olsen, professor ved Bjerknessenteret og Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen.

Han er ein av forskarane bak årets karbonbudsjett, publisert i Earth System Science Data. Saman med kollegaer ved Bjerknessenteret, NORCE og UiB talfester dei havets karbonopptak. Det årlege opptaket i havet kjem på toppen av den naturlege utvekslinga av CO2 mellom havet og atmosfæren. For å slå fast nettoopptaket, trengs store mengder data og avanserte modellar.

På Bjerknessenteret jobbar Olsen og ei lang rekke forskarar året rundt med karbonobservasjonar frå havet. Det skjer i det internasjonale målenettverket ICOS (Integrated Carbon Observation System), gjennom modellkøyringar med den norske jordsystemmodellen NorESM og ved å samle alle måledata frå verdshava i det kvalitetssikra dataproduktet SOCAT (Surface Ocean CO2 Atlas).


Andreas R. Graven, I alt fire forskarar tilknytta Bjerknessenteret har bidrege til årets rapport: Are Olsen og Meike Becker frå Universitetet i Bergen, og Jörg Schwinger og Ingunn Skjelvan frå NORCE., Karbonbudsjett 2022 bredde Foto Andreas R Graven NORCE, ,

Kilde:
Andreas R. Graven

I alt fire forskarar tilknytta Bjerknessenteret har bidrege til årets rapport: Are Olsen og Meike Becker frå Universitetet i Bergen, og Jörg Schwinger og Ingunn Skjelvan frå NORCE.

Problemet er at trass store mengder data, er det framleis uvisse rundt havets CO2-opptak. Det er sprik i budsjettala mellom modellar og data.

– Sjølv om vi samlar inn mengder med data kvart år, er det store hol i enkelte havområde. Spesielt i sør manglar det data, og det er her mykje av uvissa oppstår. Dette er eit utfordrende havområde ettersom det er få skip som opererer der og som vi kan installere måleinstrument på, seier Olsen.

Han understrekar samstundes at både modellar og data viser av havet tar opp CO2 tilsvarende ein fjerdedel av utslippa våre. Akkurat dette er det ingen tvil om.

Se videoen Slik vert karbonopptaket i havet målt.

Karbonsluket i havet

Nord-Atlanteren og Dei nordiske hav er godt overvåka. Varme vassmassar som strøymer mot nord blir avkjølt og difor synk overflatevatnet ned i djupet og tar slik med seg store mengder karbon frå overflata. Difor er desse havområda rekna som viktige karbonsluk. Liknande prosessar skjer også i dei sørlege havområda på kloden, men her er det lite målingar.

­– Å auke karbonovervåkinga her bør vere ei prioritert oppgåve i dei kommande åra. Men det må skje samstundes som dei vanlege målingane blir opprettheldt, og slike måleseriar er ikkje noko ein skal ta for gitt. Det er kostbare og omfattande prosessar, seier Olsen.

Hold deg oppdatert om forskning og innovasjon fra NORCE

Meld deg på vårt nyhetsbrev