Aktuelt
Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Noradapt bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med både klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet. – Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.
Kva slags tiltak har kommunar gjennomført for å tilpasse seg framtidas klima? Det har Noradapt laga ei ny oversikt over. - Me har utvikla dette for at ikkje alle kommunane skal måtte sitte kvar for seg og finne opp hjulet på nytt, seier Marta Jansen ved Vestlandsforsking.
23.-24. april 2024 samla Sogndal over 130 personar til den årlege klimaomstillingskonferansen. Mange av innleiarane tok for seg korleis ein kan førebu seg på nye ekstremvêr av typen «Hans». Eit anna viktig tema var kva som skal til for å ta betre vare på naturen, mellom anna gjennom god arealbruk.
Høgskulen på Vestlandet lanseer eit nytt etter- og vidareutdanningstilbod i klimatilpassing. Kurset er skreddarsydd for alle som jobbar med arealplanlegging og har bruk for påfyll av oppdatert kunnskap.
Eit nyutvikla verktøy viser kor langt ein har kome i arbeidet med klimatilpassing i norske fylke. Tenesta blir lagt fram på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april.